Eg pakka Saaben til randa av kva han toler og begynte reisa mot storbyen. Førde city.
Til no hadde eg levd kunstnardraumen på eit sjølvberga småbruk i Trøndelags havgap. Med tryggleik i hagla i skapet og ein kjellar full av potet (eller pottit, som dessverre ikkje er normert nynorsk) dikta eg opp forteljingar i håp om å endre verda gjennom teatermagi.
Det viste seg til mi store overrasking at for å endre verda må nokon faktisk lese det du skriv. Og vi er jo alle einige om at teater er litt kjedeleg.
Sånn eigentleg.
Så fekk eg ein genial idé: Folk elskar teater om det er på nynorsk. Sjølv svenskane.
Og om ikkje det skulle gå, så les jo alle avisa! Sjølv svenskane.
For fyrste gong i mitt nokså vaksne liv skulle eg skrive noko eg ikkje berre hadde funne på sjølv.
Eg skulle bli journalist. På nynorsk.
Om du såg meg køyrande sørover mens eg kvelte bilen i kvar rundkøyring mellom Orkanger og Sunnfjord, tenkte du nok mest sannsynleg at det var ei stilig kjerre, og ikkje at bilen var eit vandrande tilfluktsrom.
Men eg er ei dame som har lese altfor mykje nyheiter, og på nyheitene står det at enden er nær. Intet mindre.
Når du bur i ein storby slik som «Førde City», har ein ikkje lenger potetkjellar.
Då er det berre å hive ut reservehjulet og fylle opp bagasjen med poteter.
Med makta, og ikkje minst hordane av lesarar Nynorsk avissenter og Firda no har gitt meg, vil eg oppfordre alle til å gjere det same.
Du treng ikkje reservehjul. Du treng potet.