Close

Ein liten svart fisk i nynorsk-verda

Del innlegg

Det var ein liten svart fisk som budde i ei elv mellom fjella. Elva var trygg og kjend, men fisken var alltid nysgjerrig på kor elva enda. Kva låg bak krikane og krokane? Kva var på den andre sida av fjella?

Dette undrande, utforskande sinnet dreiv fisken vidare, og han visste at sjølv om han var liten i den store verda, hadde han ei stor oppgåve: å finne ut meir, lære meir, og kanskje finne ein plass der han kunne vere seg sjølv.

Som barn var eg, litt som den fisken, alltid den som ikkje kunne la vere å spørje: «Kvifor?» Eg var så full av spørsmål at eg ikkje kunne akseptere tilfeldige svar. Dette var starten på mi eiga reise, der den nysgjerrige fisken i meg aldri gav opp jakta på nye opplevingar. Journalistikk blir mitt vassområde, på denne reisa blei eg utfordra mange gongar, men framleis går eg vidare.

For seks år sidan på slutten av ein storm kom eg til ei trygg øy som heiter: Hareidlandet. Der fekk eg høyre ein viktig beskjed: «Ikkje prøv å lære norsk frå internett!» Seinare fann eg ut at det var ein del av ei bevisst satsing for å beskytte oss nykomne frå bokmålssmitte. Som kurdar kjenner eg verdien av å bevare språket mitt, som eit symbol på kulturarv og identitet. Eg ser på nynorsk på same måte. Å lære nynorsk vart min måte å finne min plass i eit nytt fellesskap, på same måte som den svarte fisken som sakte svømte vidare i elva og fann nye stiar.

I 2023 fullførte eg min mastergrad i Media Practices frå Høgskulen i Volda. Til slutt fann eg vegen til Firda-landet der eg fekk bruke nynorsken i journalistikk-kvardagen min. Reisa mi er berre i starten. Eg er framleis nysgjerrig på kvar elva tar meg vidare, og eg ser fram til å utforske, lære og bidra på min måte, gjennom nynorsk og journalistikk.