Hadde du ei leikestove i hagen som barn? Det hadde eg. Der inviterte eg alle barna i nabolaget på heimelaga bollar og saft, og vi sat rundt det vesle bordet og diskuterte korleis vi skulle løyse problema i verda. Vi var små menneske med eit stort alvor.
Men vi fann også på mykje tull. Hagefestane, med heimesnikra underhalding og eit oppmuntrande foreldrepublikum, hugsar eg spesielt godt. Men no er hagefestane historie.
Sjuåringane som ein gong heldt svært avgjerande møte, er i dag vaksne. Vi har fått for lange armar og bein til at vi kjem oss inn i leikestova. Men det betyr ikkje at vi er for store til å leike.
No byrjar eg som journalistpraktikant i Førde. Eg skal bruke mitt virke som journalist til å avsløre store problem, fortelje det som elles ikkje vert fortalt og bidra til meir openheit og færre fordommar. Eg skal bidra til å gjere livet betre å leve for andre, og ikkje minst delta på svært avgjerande møte. Men eg skal også leike.
Menneske treng leik. Sjølv om eg ikkje lenger leikar i leikestova, leikar eg no i språket. Og det er ein leik som aldri stoppar. For ein journalist er det eit hav av mogelegheiter til å byggje opp setningar og lage spennande ordkombinasjonar. Mi greie nett no er å setje saman to todelte ord, der det første sluttar på det som det neste byrjar på:
Løvetannlege. Rivjernmalm. Kattesanddyne. Marihøneblund. Hundehusfred. Klimakriseteam. Førdefjordhest.
Og så vidare, i det uendelege.
Språket altså. Ei livslang leikestove.