Close

Praktisk talt førdianar

Del innlegg

Petit? Kva i alle dagar er ein petit? Åja, skal eg skrive om meg sjølv no plutseleg? Attpåtil i ein humoristisk tone. Eg får flashback til smertefulle norsktimar på vidaregåande.

Ok, nyttar ikkje å syte. Då må vi inn og sjå korleis tidlegare praktikantar har løyst oppgåva. Noko er i iallfall heilt tydeleg. Eg må nemne at Førde er rekna som Norges styggaste by for å skrive ein fullverdig petit. Helst tre-fire gonger. Det må eg hugse.

Flytteprosessen er eit anna tema som går igjen. Gjerne av typen «no pakkar eg snippsekken og flyttar frå byen til ein framand by i det fjerne Vestland». Amatørar. Eg, derimot, har allereie budd heile tre veker i Førde by før, då eg var i lærarpraksis. Dessutan kjem eg allereie frå ein liten plass på Vestlandet. Komplett med mykje nedbør og rar dialekt. Eg er praktisk talt førdianar.

Apropos lærarpraksis, kanskje dette er ein god innfallsvinkel? For eg er jo trass alt utdanna lærar. Eg berre føyar meg inn i rekka av nyutdanna lærarar som finn andre karrierevegar. Lærar-kjenningar gir meg dømande blikk når eg fortel om karrierevalet. Blikk som seier «Åja, du gir opp så raskt? Svikar.» Ja, eg gjer tydelegvis det. Og eg må innrømme at eg føler meg litt skyldig.

Men, men. Den jobben må nesten nokon andre ta. Egoistisk nok er eg for opptatt med å realisere meg sjølv. I det som reknast som Norges styggaste by.

No heldt eg på å gløyme at petit betyr liten. 30 studiepoeng i fransk var heldigvis ikkje heilt bortkasta tid. Teksten er visst allereie for lang.

Ikkje veit eg korleis dette blei.

Men noko blei det. Eg veit berre ikkje heilt kva. Visste du forresten at Førde er kåra til Norges styggaste by?