Close

«Fåkk Austlandet» – ei kjærleikserklæring til Vestlandet

Del innlegg

«Kor tid flyttar du heim?». Dette spørsmålet har slekta mi stilt meg med ujamne mellomrom dei siste 12 åra.

Eg vaks opp i Bærum og Asker, men har budd i Bergen sidan eg var 21. Før tenkte eg at åra på Vestlandet har endra meg. At sidelengs pissregn herda meg; at vener og kollegaer (brautande bergensarar, tydelege sogningar og rakrygga sunnhordlendingar) lærte meg å heve stemma mi.

Samstundes har eg fått innprenta at Austlandet ikkje er noko særleg tess. Det siste har vorte understreka eit utal gonger når eg har gått forbi tagginga med den klassiske utsegna «FÅKK AUSTLANDET». Fyrste gong eg såg det, vart eg fornærma. No dreg eg på smilebandet. Nokre gonger kviskrar eg jamvel for meg sjølv «ja, fåkk Austlandet». Men det stoppar ikkje der. Eg ler med på vitsar om austlendingar. Eg les litteratur frå Vestlandet, gjerne på nynorsk, og yndlingsbandet mitt er Fjorden Baby!.

Er eg ein landsdelssvikar? Dette spørsmålet ligg i bakhovudet mitt og gneg.

Ein av dei fyrste dagane på Nynorsk avissenter prata vi om vestlendingen. Hen vart skildra som eit menneske som kallar ein spade for ein spade, viss ibuande pessimisme ofte kjem til uttrykk som galgenhumor og sjølvironi, er sjølvgranskande, og som ikkje er redd for å gå mot straumen.

Då eg høyrde dette, gjekk det opp eit ljos for meg. Eg er jo ein vestlending som uheldigvis vart fødd på Austlandet! Eg trur vener og familie vil vere samde i at eg passar dei nemnde karakteristikkane. Då kan eg med godt samvit seie at eg ikkje har svikta Austlandet, for eg høyrer ikkje til der. Eg treng altså ikkje flytte. Det er på Vestlandet hjartet mitt ligg, eg er heime no.

Men dialekta mi får de aldri! Ikkje fordi eg ikkje vil, men fordi forsøk på noko anna enn Asker-dialekt høyrest «helt fåkket ut», som ein seier på bergensk.

PS: Viss de synest dette vert mykje smisk, så hugs dette: Skal ein få vener i vest, må ein stryke dei med håra. Det er nemleg ingenting som gler ein vestlending meir enn å snakke drit om Austlandet. Spesielt viss driten kjem frå austlendingen sjølv.