Close

Søker Skyss i Førde

Del innlegg

Å flytte til ein ny plass er alltid ei utfordring. Ein må finne seg til rette i ein ny heim, bli kjent med nye menneske og orientere seg i den lokale kulturen. Men kanskje aller viktigast for å bli kjent med sitt nye lokalmiljø er å få dreisen på kollektivsystemet. Det var i alle fall det eg tenkte før eg kom hit. At eg og bussen ikkje kom til å bli så gode venar, hadde ikkje falle meg inn eingong.

I Oslo, heimbygda mi, er kollektivtrafikken alfa og omega. Avstandane er ofte for lange til å gå, nokre gongar for lange til å sykle til og med. Om alle hadde køyrt kvar sin bil hadde nok lufta forgifta oss alle saman og kokt kloden på kjøpet. Da hadde vi nok i tillegg brukt all tida vår i kø. Så vi bussar, trikkar og t-banar oss rundt, stort sett.

Sånn er det ikkje i Førde. Det visste eg jo. Eg visste jo at eg flytta til ein plass der privatbilen er viktig og busstilbodet kanskje ikkje er det beste. Eg visste jo at om eg vil kome meg rundt utanfor bykjernen så treng ein ofte bil. Men eg hadde nok ikkje tatt innover meg kor bilbasert det eigentleg var her.

Sjølv om bussen berre går ein gong i timen, er det ganske få seter som er okkuperte. Dei aller fleste passasjerane ser ut til å vere skuleungdomar, altså dei som ikkje er gamle nok til å køyre sjølv. Og ein kan aldri heilt stole på at bussen kjem. I alle fall ikkje på tida. Og når det framleis ikkje er innført noko sanntidsregistering i denne delen av Vestland blir det tryggare å ta beina fatt på veg til og frå byen. Men det går jo ei grense for kor langt ein vil gå i vestlandsvêret.

Nei, for å bli ein ekte Førdianar er det bilen som blir din besteven. Så: Er det nokon som har skyss til ein omvend Osloværing?