Historia har ein tendens til å gjenta seg. For halvtanna år sidan vart eg teken opp til utveksling i Mannheim i Tyskland. «Wunderbar!» tenkte eg. Eit google-søk seinare forsvann gleda: «Tysklands styggaste by». Det herska ei urovekkande einigheit om at dette var det verste dei kunne by på – i fredstid vel og merke. Eit år seinare blei eg teken opp som nynorskpraktikant i Førde. «Fortreffeleg!» tenkte eg. Eit google-søk seinare fann eg ut at Førde vert sett på som Norges styggaste by. Det kan verke som eg har ein lei tendens til å ende opp dei styggaste stadene, men som eg rutinemessig seier til meg sjølv foran spegelen kvar morgon; «det er innsida som tel!»
Det seiast at me må dra lærdom av historia, viss ikkje er me dømt til å gjenta ho. Så då eg fann ut eg skulle nordover til Førde var eg kjapt ute med å søke opp korleis eg best kunne dra nytte av Sunnfjord, i staden for å syte som eg gjorde då eg skulle til Mannheim. Trass alt burde det ikkje vere så frykteleg vanskeleg å overgå den litle bygda eg kjem frå på Jæren. Til mi store overrasking var det både lakseelv og villreinjakt i nærleiken, to av mine tre lidenskapar kunne altså tilfredsstillast i Førde – dette lova godt! På sjølve avreisedagen fann eg derimot ut at min tredje lidenskap skulle sette kjeppar i hjula for resten. Den litle, men riktig nok kule bilen min, kunne verken huse rifla eller fiskestonga. Det er faktisk berre så vidt den kan huse meg. Så nå sit eg her igjen, med ein ubrukeleg kabriolet på det søkkvåte Vestlandet, utan noko særleg moglegheit for å fiske eller jakte.
Det tok altså ikkje lang tid før eg følte meg heime i Førde.