Close

Det indre kompasset

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Det indre kompasset skal hjelpe deg med å ta dei rette vala her i livet. Står du ovanfor eit vegskilje, så er det nettopp dette kompasset du skal vende deg til for rettleiing. Det skal gi deg ein peikepinn på kva som er rett og kva som er gale. Personleg nyttar eg dette kompasset støtt og stadig. Magekjensla mi tek sjeldan feil.

Men du veit det andre kompasset du har inni deg? Det som sørger for at du finn vegen fram til Førdsnipa og ikkje endar opp på Viafjellet? Og som hindrar at du kjem ut i feil gate når du går ut igjen frå eit kjøpesenter? Akkurat det kompasset vart ikkje eg velsigna med. Her får eg verken rettleiing eller peikepinn. Takka vere dagens teknologi har eg erstatta dette indre kompasset med appen Google Maps.

Som sjølverklært verdsmester i svekt retningssans så har eg bruk for denne digitale vegvisaren nesten kvar einaste dag. Då eg flytta til den digre labyrinten Bergen, måtte eg stadig nytte meg av Google Maps for å finne fram til byens mange knutepunkt. Å bevege seg ned frå den blå steinen til brygga var reine jungelekspedisjonen.

Det var først tredje året mitt at eg klarte å sjå byen i eit holistisk perspektiv og oppdage eit mønster i det heile. Eg forstod at eg i løpet av heile mi bachelortid hadde tatt alt for mange omvegar og misforstått kvar dei ulike bydelane låg.

Eg forstår ikkje korleis folk berre kan kjenne på kroppen kva som er nord, sør, aust og vest. Enn så lenge ser eg på Google Maps som min trufaste blindehund som viser meg vegen i livet. Det skal nok ta si tid å knekke koden, til og med i Førde, også. Men det viktigaste er at eg klarar å skilje rett frå gale.

Av Karoline Nordgulen