Close

Vaksenlivet skremmer vitet av meg

Del innlegg

Eg er 20 år. I mitt eige hovud er eg i ferd med å bli vaksen. I alle fall følest det slik på omgjevnadane mine, og det er inkje mindre enn skremmande. Eg har lenge kjempa mot denne frykta. Misforstå meg rett, eg er ingen Peter Pan som skal flytte til Drøymeland. Ønsket mitt er ikkje å vere ung for alltid. Men kanskje berre i nokre veker til. Gjerne månadar, eller kanskje til og med år.

Det er klart det er mykje flott vaksenlivet bringar med seg, men straumrekningar, fagforbundsavgift og full pris hos tannlegen er det vel ingen som er vidare begeistra for. Då eg no startar i fast jobb i mai og bur for meg sjølv for første gong, er det mogleg frykta tar heilt over. Det hjelper heller ikkje på nervane at eg for fyrste gong i livet synest babyar er så søte at eg får lyst på ein sjølv.

I påska fekk eg heldigvis roa denne frykta for å bli vaksen, om ikkje heilt, så for ei lita stund. Då kjempa eg for å halde på raudvinen frå dagen før, mens eg kløna meg bortover i skisporet på påskefjellet. Eg følte meg elendig. Samtidig var eg strålande nøgd. Eg hadde gått på ein skikkeleg smell kvelden før.

Uansett kor mange tabbar eg hadde gjort kvelden før, var det ein ting ingen kunne ta frå meg. Eit vaksent menneske kunne vel aldri gå på ein slik smell, tenkte eg mens eg smilte som ein idiot. Eg var ung, dum og hadde framleis ein gryande optimisme som ein vaksen person som har sett verda sitt sanne ansikt, aldri kan ha.

Av Torvald Hjelden Sætrang