Close

Keisarens nye ord?

Del innlegg

Dei siste to åra har eg vore student ved Universitetet i Bergen. Eg har kanskje lite å vise for desse to åra, men du kan jo sjølv prøve å fokusere på kjønnsdiskurs og materialitet, når du får ein halvliter for 40 kroner berre nokre meter frå lesesalen? No trur du kanskje eg skal snakke om hobbyalkoholisme i studentmiljøet, men nei, eg skal snakke om noko mykje farlegare: Akademisk språkbruk.

Det har ofte vore snakk om kor alvorleg det er at rundt ein av fem norske elevar går ut av skulen utan å kunne lese og skrive skikkeleg. Det ein ikkje har fokusert så mykje på, er den delen av elevmassen som går vidare til høgare utdanningsinstitusjonar, og som der lærer seg å skrive eit språk som resten av befolkninga slit med å forstå.

Ein har naturlegvis visse fagomgrep som er vanskeleg å omsetje til norsk på ein god måte. Det er ikkje desse orda det er snakk om. Det som det er snakk om, er dei tallause framandorda som vert nytta for å pynte på språket, og nokre gongar for å skjule at ein ikkje eigentleg veit kva ein pratar om.

I staden for «omgrep», snakkar ein om «termar», i staden for å snakke om noko som er «tilsvarande», snakkar ein om noko «ekvivalent». Eksempla er mange, og resultatet er som oftast det same: Ei språkdrakt som i beste fall er dårleg norsk, og som i verste fall er framand for folk flest, eller tek merksemda bort frå kva teksten eigentleg handlar om.

Eit av grunnprinsippa i det offentlege utdanningssystemet er at kunnskap er eit gode som skal vere tilgjengeleg for alle. Men med den språkdrakta akademikarar flest kler seg i, endar ein opp med eit samfunn der kunnskap og forsking berre er tilgjengeleg for visse grupper.

Dei siste åra har ein likevel sett ei utvikling der fleire stiller spørsmål ved bruken av framandord både i akademia og elles i samfunnet. Kanskje nokre vil sjå seg nøydde til å «adaptere» eit enklare språk i framtida?

Av Vetle Mikkelsen