Close

Heim til mor

Del innlegg

«Heim til Mor» av Odd Nordstoga runga på anlegget. For det var nett det eg skulle, ein rask tur heim til Romsdalen. Men forsøket på å forlate Sogn og Fjordane tok ei brå vending langs Jølstravatnet. Fylket ville ikkje gje slepp på meg. Kanskje var det frykta for at eg ikkje skulle komme tilbake som gjorde det. Min trufaste Suzuki Baleno stoppa, heilt ut av det blå.

På høgre sia slo bølgene friskt mot fjæresteinane. Frå venstre rasa det steinar ned mot vegen. Naturen gjorde narr av meg, med rette. Det skal godt gjerast å finne ein mindre bilkyndig mann enn meg. Og kampen stoppa ikkje der. Etter å ha ringt bilberging, fått bilen på verkstad og skaffa meg ein leigebil med skrifta Jølster- bilverkstad på, fortsette ferda vidare.

Ikkje berre var eg fleirfaldige tusen fattigare, men eg hadde også mista det gode motet. Både ferja på Anda og på Stranda var forseinka. Frustrasjonen tok meg og gråtkvalt køyrde eg over Ørskogfjellet. Der blei eg liggande bak ein trailer som for sikkerheits skuld køyrde i 20 km/t i snøføyken. Sjølv ikkje synet av vakre Innfjorden, verdas navle, kunne få meg i betre humør. Med Jølster-leigebilen min svinga eg opp utanfor huset.

Ei velinformert mor sto klar på trappa og tok i mot meg. Ein god klem, trøystande ord og mors nybakte brød var alt som skulle til. Då eg var kommen heim til mor, og nok ein gong var ved godt mot, innsåg eg det. For meg hadde Sogn og Fjordane alltid vore eit fattigmanns Møre og Romsdal, men motviljen mot å gje slepp på meg og narrespelet frå naturen, det appellerte til meg. Utan å ha lagt merke til det, var eg blitt hugtatt. Eg ville tilbake, så fort som mogleg.

Av Torvald Hjelden Sætrang