Close

Heilt greitt med feitt

Del innlegg

Som samfunn er vi nærast sjukleg opptekne av korleis feite folk lever liva sine. Så snart du er over ein viss feittprosent, vert kroppen av allmenn interesse. Folk har plutseleg meiningar om kva og kor mykje du et, aktivitetsnivået ditt, kva du bør kle deg i, og om du har «lov» til å gå i berr overkropp om sommaren.

«Feite folk promoterer ein usunn livsstil» vert det sagt. At det finst slanke folk som drikk kvar helg, og som et hamburgar og grandiosa fleire gongar i veka, er ikkje så viktig. Dei er trass alt ikkje feite.

Men uansett om slank og feit hadde vore synonym til sunn og usunn, noko som ikkje er tilfelle, kvifor skulle det bety at helsa mi er ei allmenn sak? Helsa mi er mi, og berre mi.

2017 var eit stort år for meg. Det var året eg byrja så smått å vera glad i meg sjølv, kanskje for første gong nokosinne. 2017 var året eg byrja å skjønna at det å vera feit, faktisk ikkje er verdas ende.

I månadane etter denne openberringa gjekk eg ironisk nok ned 20 kilo. Korleis heng det i hop? Eg hadde nemleg prøvd å gå ned i vekt fleire gongar tidlegare, då med ganske dårleg resultat.

Psykisk helse og fysisk helse går hand i hand. Det var, overraskande nok, ikkje sunt å gå rundt og hata kroppen sin heile tida, verken for den psykiske eller fysiske helsa mi. Det konstante jaget etter å verta slankare, hindra meg rett og slett i å ta skikkeleg vare på kroppen min.

No er eg meir aktiv, og eg et sunt og variert. Eg er framleis feit, men det går faktisk heilt greitt. Eg tek vare på kroppen min, ikkje fordi eg vil bli tynnare, men fordi eg er glad i den.

Bodskapen min er vel ganske enkel:

1) Gi litt meir blaffen i kva andre folk meiner om kroppen din.

2) Ikkje diss feittet mitt, det dissar nemleg fint av seg sjølv.

Av Vetle Mikkelsen