Close

Forelska i Sogn og Fjordane

Del innlegg

Dei fem i kull ni, frå venstre Tormod Ytrehus, Rita Iren Hestad, Nora Rydne, Karen Anna Kleppe og Beate Haugtrø. Foto: Nynorsk avissenter

Karen Anna Kleppe (21) forelska seg i Sogn og Fjordane etter fire månader i Nynorsk avissenter og Firda, men no er ho på plass i lokalavisa heime.

Karen Anna har valt å ha dei to siste månadene i lokalavisa i heimkommunen Kvinnherad. Ho er den tredje praktikanten frå Nynorsk avissenter som får verdfull praksis hjå redaktør Tomas Bruvik og staben hans på Husnes, i ei lokalavis som kvart år sikrar seg prisar for god journalistikk og sprek utforming.

Karen Anna vart nyleg presentert som «Nytt ansikt i Kvinnheringen». Ho seier dette til avisa der ho no er journalist: «Eg har hatt det utruleg fint i Førde. God opplæring, mange kjekke folk og opplevingar og ein utruleg fin natur. Eg kom dit frå Oslo og må innrømma at eg var noko skeptisk til eit opphald i det som er blitt kalla «Norges styggaste by». Men all skepsis er gjort til skamme. No er eg rett og slett blitt forelska i Sogn og Fjordane.»

Nora Rydne frå Bærum er på plass hjå Dag og Tid i Oslo. Ho er fersk nynorskbrukar, men Nora var bestemt på at Dag og Tid er rett plass å prøve seg vidare.

Tormod Ytrehus frå Orkdal er første praktikant frå Førde som har valt LO Media og nettstaden FriFagbevegelse.no. Tormod har yrkesbakgrunn og politisk engasjement som gjer at han hadde LO Media høgt oppe på ønskelista.

Beate Haugtrø frå Kvam i Nord-Trøndelag er på plass i Oslo-redaksjonen til Framtida.no, ein nynorsk nettstad spissa mot ungdom. Redaktør Svein Olav Langåker har vore svært nøgd med praktikantane frå Nynorsk avissenter, og han var lett å be då Beate spurde om plass.

Rita Iren Hestad frå Bygstad i Gaular, no busett på eit småbruk på Åsane i Førde, valde å halde fram i Firda og håper ho kan få forlenga tillit i avisa som er vertskap og klasserom for Nynorsk avissenter.

Publisert 8. januar 2018