«Vegen vert til når ein går» fekk eg høyre frå mor mi på vidaregåande. «Hald kjeft» svarte eg. Eg brydde meg tvert om vegen vart til anten eg krabba eller sykla. Eg kunne godt køyre, og vegen kunne vore både asfaltert og skilta. Eg hadde inga aning om kva eg ville gjere etter fullført skulegang, anna enn å kome meg vekk frå Vestlandet.
Å kome seg vekk var inga sak. Eg søkte meg til førstegongstenesta i indre Troms. Eg treivst godt i isaudet og leikte med tanken på ein militær karriere. Men etter eitt år var ryggen øydelagd, og eg litt klokare. Å hoppe frå ein skrent med smaken av sprit i ganen fall ikkje i god jord hos offiserane. Eg måtte halte vidare.
Vegen gjekk sørover, men ikkje lenger enn til Oslo. Eg bytte vekk smell frå gevær og lukta av furu, med trikkar som kvin og smaken av dyr kaffi. Kaffikunsten var kjekk å lære, men det gav meg ikkje høg puls, anna enn inntak av mengder koffein. Eg sakna utfordring og ein meir turbulent veg. Sjølvsagt hadde mor mi nokre idear, som ein praktikantplass på Vestlandet. Eg skulle til å seie «hald kjeft», men tok meg i det og las meg opp på kva det var.
No sit eg rakrygga med skrivekløe i Førde. Kvinande trikkar er bytt ut med kvinande journalistar, og lukta av furu er tilbake. Eg skimtar vegen klarare, og gler meg til det som kjem. Mor mi fortener ei unnskyldning, saman med resten av Vestlandet. Vi har trass alt dei mest krunglete vegane, og eg trivst best undervegs.