Close

Alvorleg, som vanleg

Del innlegg

Sjå for deg at nokon du kjenner godt – kanskje ein ven, kanskje ein familiemedlem – endrar sakte, men sikkert, personlegdom. De kranglar stadig. Før de er vener att og alt er gløymt. Personen nær deg skiftar mellom å vere sint og tverr, eller ha ein heilt vanleg dag. Korleis ville du reagert?

Det finst menneske som slit med ting som vi ikkje kan sjå på utsida. Eit resultat av ein usynleg sjukdom er ofte at personen du ein gong kjende så godt, endrar personlegdom. Trekker seg inn i seg sjølv, eller utagerer. Alt etter korleis dei er som person eller kva som plagar dei. Det kan og vere så enkelt at det går på dagsforma. Eg veit med meg sjølv, at av og til kan eg gløyme at denne endringa skuldast ein sjukdom. At det kan vere lett å skulde på den personen som utagerer, eller at ein vert totalt forvirra av den som plutseleg stenger seg inne.

Sjølv om livet ser fantastisk ut på sosiale medium, kan det vere så utruleg annleis i realiteten. For utan at du sjølv er klar over det, kan du ha menneske rundt deg i nær relasjon som har usynlege sjukdomar. Ei venninne. Eit søskenbarn. Den som sit i kassa på butikken der du alltid handlar. Det kan vere kven som helst. Ofte er det vanskeleg å hugse på at menneske rundt oss har usynlege sjukdommar. Det kan vere psykisk, men det kan og vere fysisk. Smerter, i forskjellege former.

når du kjenner nokon som har det slik, er det vanskeleg å ikkje la seg påverke av det. Difor vil eg nytte denne vesle spalteplassen til å rette søkelys på dette, i tillegg til verdas største takk til dei som jobbar frivillig med menneske som har det vanskeleg i livet. Det vere seg besøksvener på sjukeheimane, eller vitnestøttene i tingretten. Det er så godt å vite, til eg får gamle foreldre og til eg vert gammal sjølv, at det finst folk der ute som villig brukar av si eiga fritid til å gjere andre sitt liv litt enklare. Det er ei enorm støtte for både den som er sjuk og for alle rundt, når nokon kan komme utanfrå og sjå ting frå alle sider, og erkjenne at det er vanskeleg. Å frivillig gå inn i vanskelege situasjonar for å vere ein som lyttar og skape tryggleik, er utruleg beundringsverdig. Så, tusen takk.

Av Rita Iren Hestad