Close

Braanen kjem – kjem du?

Del innlegg

Bjørgulv Braanen, ansvarleg redaktør i Klassekampen, kjem til Nynorsk avissenter 14. mars.

Dette er ei av ti forelesingar og kurs som Stiftinga Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter tilbyr journalistar og redaktørar i aviser og NRK våren 2017. Alle kursa er gratis.

– Vi er svært glade for at Bjørgulv Braanen kjem. Han skal snakke om samfunnsoppdraget og korleis dei lagar Klassekampen. Denne avisa vågar å gå sine eigne vegar og veks på det. Braanen skal snakke med nynorskpraktikantane i Firda og NRK om dagen, og så inviterer vi journalistar og redaktørar til møte med Braanen om kvelden, seier Ivar Myklebust Longvastøl i Nynorsk avissenter.

Dei to nynorsksentera i Førde sender ut kurskatalogen denne veka. Påmelding til Ivar M. Longvastøl, tlf 911 49813 eller på e-post: ivar@firda.no

Tysdag 7. februar
Klokka 09-15, i NRK Sogn og Fjordane
Intervjuteknikk
Ved Erlend Blaalid Oldeide, journalist i NRK Sogn og Fjordane. Stiller du dei rette spørsmåla? Dette er avgjerande for å få dei gode – og viktige – svara frå intervjuobjektet. Øvingar. Blaalid Oldeide er ein erfaren journalist og programleiar i NRK.

Torsdag 9. februar
Klokka 09-15, i Firda Media
Datastøtta journalistikk og digitale forteljemåtar
Ved Frode Grimelid, journalist i Firda.
Korleis bruke nettet til å hente ut informasjon som kan bli god journalistikk, og korleis presentere dette. Verktøy og moglegheiter. Ta kontakt for nærare info om kva for program Frode vil gå gjennom på kurset.

Måndag 27. februar
Klokka 09-12.00, i Firda Media
Fotojournalistikk
Ved Bent Are Iversen,  journalist i Firda.
«Eit fint bilde er ikkje nødvendigvis eit godt bilde. Kva fortel bildet?». Bent Are er utdanna fotojournalist frå Høyskolen i Oslo og Kristiania. Han har vunne ei rekkje prisar for bilda sine. På kurset  viser han mange døme og føreles om det gode pressebildet.

Måndag 6. mars
Klokka 09-15, i Firda Media
Presseetikk
Ved professor Svein Brurås, Høgskulen i Volda.
Svein Brurås er ein av Noregs fremste ekspertar på presseetikk. Han tek utgangspunkt i lovverket og pressa sine eigne reglar, og kursdeltakarane får prøve seg på ulike etiske problemstillingar.

Tysdag 7. mars
Klokka 09-11.30, i Firda Media
Når kjeldene byr opp til dans
Ved Helge Johnsen, politisk journalist og kommentator i Firda.
Korleis handtere kjeldene for å få ut dei gode sakene utan å bli mikrofonstativ for makta. Helge har lang fartstid som journalist. Her føreles han om kjeldekritikk og viser mange døme.

Tysdag 14. mars
Klokka 18.30, kveldssamling i Firda Media
Samfunnsoppdraget
Ved Bjørgulv Braanen, ansvarleg redaktør i Klassekampen.
Bjørgulv er ein av dei mest markante redaktørane i norsk presse. Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter inviterer til kveldsmøte for journalistar og redaktørar.  Vi utfordrar redaktøren i KK til å snakke om samfunnsoppdraget, og om korleis dei lagar ei av dei meste framgangsrike avisene i landet.

Måndag 20. mars
Klokka 09-15, i NRK Sogn og Fjordane
Kritisk til makta
Ved Simon Solheim, journalist i NRK Brennpunkt.
Simon Solheim har erfaring frå Firdaposten, Firda, NRK Sogn og Fjordane, Dagsrevyen og no NRK Brennpunkt.  Han fortel mellom anna om den tre år lange kampen for å få ut legevakt-videoen, og om prosjektet «Døden på Oslo legevakt.»

Tysdag 28. mars
Klokka 09-15 , i Firda Media
Korleis bruke sosiale medium som journalist?
Ved Ståle de Lange Kofoed, fagmedarbeidar på Institutt for Journalistikk.
Sosiale medium er nyttig for journalistar, som kjelde til stoff og til å marknadsføre god journalistikk. Ståle viser oss korleis vi kan søke på nettet (digital sporhund) for å finne dei gode sakene, med særleg vekt på søk i sosiale medium.  Han gir også tips til korleis presentere sakene på sosiale medium for å få fleire lesarar.

Måndag 3. april
Klokka 09-14, i NRK Sogn og Fjordane
Den levande nettreportasjen
Ved Tone Merete Lillesvangstu, journalist i NRK Sogn og Fjordane.
«Langt treng slett ikkje vere godt, men godt kan gjerne vere langt». Kva må til for at det skal svinge av ein god nettfeature?  Korleis kjem du tett nok på kjeldene til å få det som trengst for å  løfte ei langles-sak til ein god feature? Tone Merete Lillesvangstu har vore skrivande journalist i avis og i NRK i snart 20 år.

Måndag 24. april
Klokka 10-15, i NRK Sogn og Fjordane
Kan journalisten vere idealist?
Ved Erling Borgen, journalist, filmskapar og professor i samfunnskritisk dokumentarisme ved Høgskulen på Lillehammer. Borgen fortel og viser døme på korleis han jobbar med samfunnskritiske dokumentarfilmar.

Publisert 23. januar 2017