Close

Dei «store» kvardagsproblema

Del innlegg

Kor mange gonger har ein ikkje vore i matbutikken, og irritert seg over at nok ein gong hamna ein i den køen som beveger seg desidert seinast framover? Vi stønnar utolmodig når den eldre dama, som står tre personar framfor oss skal betale. Ho tømer like godt heile taska med småmyntar på rullebandet. Då kan jo den unge vikaren, som sit i kassen, sjølv finne myntane han treng. Når vi endeleg har fått betalt, plassert varene bak i bilen, og sett oss i førarsetet, kjem vi på den eine ingrediensen som ikkje fann vegen til handlekorga. Sukk. Inn igjen.

I kvardagen finn vi mang  eit irritasjonsmoment å henge oss opp i. Vi ser problema. Vi klager til kollegaen på jobb. Vi snakkar om utfordringar. Tida strekk ikkje til, og det meste er vanskeleg. I staden for å nyte den solfylte og klåre haustkvelden, er vi mest opptatt av at i morgon må vi igjen skrape frosten av bilruta før jobb.

Det er oktober. Vi går inn i ei årstid med rosa sløyfer og novemberbart. Dei fleste kan heldigvis prise seg lukkelege over at vi sjølv ikkje er alvorleg sjuke. Men alle kjenner nokon som er eller har vore råka av alvorleg sjukdom. Livet til både pasient og pårørande vert plutseleg snudd på hovudet når ein får den vanskelege beskjeden. Då endrar prioriteringane seg. Plutseleg vert ikkje dei små kvardagsproblema så viktige lenger.