Close

Fjeset skal med

Del innlegg

Fjeset skal med, koste kva det koste vil. Skal du fortelje at du har fått lappen? Sjølvi med køyrelæraren.

Skryte av at du har fått ny jobb? Sjølvi med ID-kortet i handa. Vise fram juletreet? Sjølvi med juletreet i bakgrunnen. Instagram er ein fascinerande stad. I motsetning til Facebook er det berre bilde og video som gjeld. Vi vert alle fotojournalistar.

Men det som skil oss frå tradisjonelle fotojournalistar er at kameraet er snudd 180 grader. Fotograf og motiv er blitt ein og samme ting, og smilemuskulaturen har aldri vore meir veltrent. Sjølvi-bølga kom for nokre år sidan, og har sidan dusja alle 4G-baserte organismar i fotografisk sjølvtillit.

Kva om resten av media hadde gjort det samme? Journalist-sjølviar hadde pryda aviser frå aust til vest, medan ordførarar, bilvrak og nyopna kulturhus måtte finne seg i å forevigast som uskarpe bakgrunnsdetaljar. Det ville kanskje vore underhaldande i ei lita veke, men etter kvart hadde det blitt gjentakande og kjedeleg. Og ikkje minst ville det tatt fokuset vekk frå bodskapen.

Kvifor skal desse utbrente smila våre alltid få hovudrolla i kvardagsdokumentasjonen? Det finst drøssevis med fine og spennande bilde på Instagram, men samtidig er det slåande mange som vender linsa mot seg sjølv og seier smil, truleg utan å ha ytt nokon nemneverdig innsats for å finne motiv rundt seg. Det å bli sett er eit grunnleggande behov som sit djupt i alle menneske. Sosiale medium har blitt den ultimate frihamna for å realisere dette behovet, men berre i små avhengigheitsskapande dagsdosar.

Eg har eit forslag. Neste gang du kjenner behovet for å dele eit bilde, vend kameraet ut mot verda og fang den.