Close

Galskapen lenge leve

Del innlegg

Eg er oppvaksen i ein sportsglad familie. Vi følgjer alle med på handball og fotball, langrenn og skiskyting. Det som derimot er spesielt i familien vår, er at vi i hovudsak heiar på utøvarar som på ein eller anna måte har tilhøyrsle i Sogn og Fjordane. Utøvaren kan til dømes ha ei bestemor frå fylket, vere kjærast med nokon herifrå eller rett og slett berre ha ei hytte i Gulen. Vi er ikkje vansklegare på det.

Men, vi har våre favorittar. Sogndal Fotball og Tarjei og Johannes Bø vert høgt prioritert. Frå mars til november er det til dømes ikkje vits i å ringje eller besøke oss søndagar mellom 18.00 og 20.00. Heller ikkje i helgane i vinterhalvåret frå klokka 10.00. I så fall må du bu deg på å sjå mykje fjernsyn, gjerne også med radiooverføringa surrande i bakgrunnen.

å vere engasjert har også sine ulemper. Mamma har ilt i magen før, under og etter løp og kampar. Viss dei vinn, jublar og hoppar ho av glede. Men lukkast dei ikkje, så er dagen øydelagd. Pappa derimot let heller kjenslene utfalde seg i det verbale. Som tidlegare spelar, dommar og trenar hender det at strofer som «Nei, koffø gjorde du no ditta dar!» eller «Skyt no då!», er standardkommentarar når Sogndal spelar. Når i tillegg mamma svarar med å ta Sogndalsspelarane i forsvar, kan temperaturen fort bli høg i stova.

Ifølge kjærasten min, er eg fullt på høgde med foreldra mine når eg ser sport. Eg skrik, veivar med armane og kommenterer i affekt. Nokre gongar vert til og med han – den mest sindige sunnfjordingen eg veit om – lei av kommenteringa mi. Og når han vert irritert, då er det som regel noko i det. Men, det har eg for lengst gløymt til søndagen etter. For meg er dette sunn galskap som krydrar tilværet.