Close

Sjå! Dette er oss

Del innlegg

Som ny i Førde, og som fersk journalist, har eg gått rundt med ekstra opne auge i det siste. Eg må finne ut kva eg er blitt ein del av. Å sjå ein by er å sjå menneske. Her er eit lite utval av førdianarar eg har sett.

Eit par i trettiåra er på veg opp Hafstadkleiva. Dei er ikkje komne lenger enn den andre bakken, men kvinna ser allereie ut som om ho har lyst til å gi opp. Det blir nok ikkje betre av at mannen let avstanden mellom dei bli større og større.

Ei ung jente i stramme tights og rosa jakke er også på veg opp bystien. Omverda eksisterer ikkje, berre grusen under skorne, musikken i øyra og tankane i hovudet.
Ein mann på ein pub hentar seg eit glas vatn, for han innser at han ikkje bør ha meir alkohol. Kameraten han drakk med heime, ville heller sjå på tv enn å bli med ut. Sjølv har han gått ut i femten år. To gongar har han fått napp.

Ein minibuss plukkar opp handverkarar frå EU-land tidleg om morgonen. Bussen vert full.

Unge, afrikanske menn går i flokk frå sentrum om ettermiddagen. Kan hende har dei vore på kurs for å lære å krølle tunga å forme det norske språket.

Ei lita jente kastar seg ut i utfordringane klatreparken gjev ho. Ho heng etter armane og klatrar som om det var den enklaste ting i verda.

Etter at det er blitt mørkt, kjem ei gruppe med kvinner i førtiåra til klatreparken. Dei fortel kvarandre at dette ser vanskeleg ut medan dei står framføre den minst utfordrande delen. Likevel prøver dei. Ikkje alle får det til, men alle ler.

Eg ser deg også, du som sit med kaffi- eller tekoppen og les laurdagsavisa. Som journalist er det deg eg er for, slik at du kan få sjå kva du er ein del av. Dette er oss. Om du ser kva vi er, kan du med litt fantasi også sjå føre deg kva du ønskjer at vi skal bli.

Og då er det berre å handle.