Close

Okkupert hjarterom

Del innlegg

Ho som har ansvaret for kantina vår, er borte frå jobb. Borda blir smulete, maten blir ståande ute, og ingen steiker lappar til oss på fredagar. Dessverre er det ofte eit fråvær som må til for at ein verkeleg lærer å sette pris på det folk gjer når dei er der.

Ho i kantina får meg til å tenke på farmora mi, sjølv om det truleg ikkje er meir enn yrke og storleik som liknar. Farmor steikte vaflar og krumkaker, og det siste ho ville, var å vere til bry. «Ikke tenk på mej.» , på pent stavangermål, var refrenget hennar. Alle andre stod først i køen.

I tenåra oppdaga eg omgrepa introvert og ekstrovert. Dei introverte får energi av å vere åleine, og for dei ekstroverte er det motsett. Heime erklærte eg at eg hadde eit sterkt behov for åleinetid. Mor lo. Kva om ho hadde kravd den same retten? Det skulle tatt seg ut. Som regel er det nok av behov å fylle hjå andre, før ein kan trekkje seg attende i hola si.

Mor er sjukepleiar. Arbeidsdagane er tunge. Eg er sikker på at ho kunne ha fått til mykje anna, men ho har valt å bruke ressursane sine til å fylle behova til eldre demente.

Ta deg tid til å nyte, til å puste, til å trene, til å pleie deg sjølv! Ta plass! Ta deg opp og fram! Det er dette unge kvinner lærer, vi som er blitt lova at det er plass til oss på samfunnstoppen. «Eg må vere best», sa eg i ein samtale om korleis eg skal klare å få meg jobb som journalist. Prøver eg å legge desse orda inn i farmor eller mor sin munn, blir scena absurd. Dei var ikkje ute etter å kjempe seg opp og fram då dei bestemte seg for kva dei skulle bli.

Kjønnskampar er kjempa, og fridom er vunnen. Men er noko av plassen vi har fått, eit okkupert hjarterom? Heldigvis er der framleis menn og kvinner som vel å vise omsorg, framfor å vise seg fram. Og dei er ikkje berre å finne i tradisjonelle omsorgsyrke.

Men dess fullare ei yrkesgruppe er av sjølvrealiserte tilsette, dess vanskelegare kan det vere å ha auga opne nok til å sjå andre enn seg sjølv.