Close

Kalvbeint og stolt

Del innlegg

Eg er kalvbeint, fødd utan mellomrom mellom knea. Kallenamnet «Kalven» har fulgt meg gjennom 13 års skulegang. Medan fotballkarrieren vart nytta på innbytarbenken gjekk det ikkje éin dag utan at eg snubla i mine eigne bein på veg til skulen. Støtt låg eg med ansiktet i sølepytten og skrubbsår på knea medan eg rasa over genkombinasjonen til foreldra mine.

Toppen var nådd ein vakker vårdag ved tusenårsskiftet då klasselaget til den årlege skulestafetten skulle plukkast ut. Ni av ti etappar var dekka, men ingen melde seg til siste. Pliktoppfyllande som eg var rakk eg opp handa og stilte beina mine til disposisjon. Då såg læraren meg djupt inn i augo før ho proklamerte framfor heile klassen: «Nei, du kan ikkje springe stafett, du har jo problem med beina.»

Og med dette har «Kalven» fått nok. Frå og med den dagen har eg sprunge, mil etter mil, berre for å vise barneskulelæraren min at kalvbeint ikkje er det same som lam. Kalvbeint har eg sprunge over målstreken. Kalvbeint har eg stått på pallen og motteke førstepremien, stadig med påstanden frå barneskulelæraren min friskt i minne.

Eg vart ikkje valt inn på stafettlaget. Sogn og Fjordane vart ikkje valt inn i regjeringa. Det er likevel ingen grunn til å resignere. Kvifor skal ikkje eit 250 år gammalt fylke kunne heve seg over bøllene når ei ti år gammal jente klarer det?

Til sjuande og sist handlar det om å akseptere sine føresetnader, gjere det beste ut av moglegheitene ein har og ikkje gjere seg sjølv mindre enn ein er. Om ein ikkje er stolt over sjølv vil ingen andre vere det. Trass i at Sogn og Fjordane er eit lite fylke, der steinrasa går oftare enn det regnar i hovudstaden, treng du ikkje skamme deg over fylket ditt.

Trass i at fylket er lite er det så nydeleg, så rasande nydeleg at sjølv ein kalvbeint hordalending kunne tenke seg å bu her.