Close

Førde og meg

Del innlegg

Hadde du spurt meg for eit år sidan kor eg skulle vere neste haust, så hadde eg ikkje sagt Førde. Kanskje tvert imot.

Førde og meg, vi har vår historie. Kanskje ikkje ei tung og dyster historie, men det er ei historie.

Lat meg starte frå byrjinga. I 2002 fekk eg mitt første møte med denne byen. Jordmora i fødestova på Vie ønskte meg velkomen til verda, samstundes som deltakarane på Førdefestivalen gjorde seg klar til opningsparaden i sentrum. Eit par dagar på sjukehuset kom og gjekk, og vi vende nasen mot min dåverande heim på «hi» sida av byen.

Eg skal vedgå at mitt første møte med Førde ikkje gjorde noko særleg inntrykk. Det er liksom ikkje noko som har forma meg og gjort meg til den eg er i dag og sånn. Opphaldet varte ikkje i meir enn eit år, og allereie i 2003 var mi tid i Førde over for den gong. Reisa til byen blei ein time lenger.

15 år gjekk, og i 2018 vende eg tilbake til utgangspunktet mitt. Denne gongen som vaksen og sjølvstendig. Eller, iallfall så vaksen og sjølvstendig som ein kan bli når ein er 16 år og flytta heimafrå for første gong. Eg skal ikkje skrøne på meg at eg aldri var innom Førde på alle desse åra. Sjølvsagt har eg kome ut i freisting og tatt turen ned til storbyen i hytt og pine. Kven vil vel ikkje shoppe på dei enorme kjøpesentera her, bowle eller ete pizza på Dolly? Det får ein ikkje gjort i bygdene utanfor Sunnfjord sitt episenter. Det var jo i Førde alt skjedde!

Men det blei ikkje meir enn eitt år denne gongen heller.

Eg reiste vekk frå Førde, og busette meg på Sandane. Etter eit par år i Nordfjord, reiste eg endå lenger nord og vekk frå Førde, og busette meg på Svalbard. Og midt i midnattsola og bitande kulde slo tanken meg. Heilt konkret var det kanskje ikkje ein tanke, men ein jobbannonse. «Vil du bli journalist?» Pokker heller, eg søkjer.

No sit eg her igjen altså. Førdehistoria mi er ikkje ferdig, eg har berre begynt på eit nytt kapittel. Denne gongen trur eg det er annleis.

Men. Det er framleis èin time mellom meg og Førde.