Close

Den målberande vreiden

Del innlegg

Eg har alltid slite med å finna ut kva eg skal verta når eg vert stor. Det er uheldig, sidan eg er vorten rimeleg stor no. Det skortar på tid til å finna ei stilling eg framleis kan sitja i om 30 år, og næra eit ulmande og intenst hat til, men som eg likevel ikkje heilt får meg til å forlata. Kollegaane er jo so kjekke.

Eg har prøvd både eitt og hitt på det kvarte hundreåret eg har vore i live. Eg har til dømes arbeidd som vaktmeister. Framleis vert eg arg og uggen om eg kjenner lukta av måling eller nyslått gras. Endå verre er det når eg må ringa til framande. Blodtrykket stig, det bankar i tinningane og knokane kvitnar kring telefonen. Eg er ikkje sjenert, altso. Problemet er at eg ein gong var telefonseljar. Då ringde eg nokre hundre framande menneske kvar kveld, som ville gjera alt anna enn å kjøpa ny innbuforsikring. Etter tre veker slutta eg på dagen, eit kontraktsbrot eg so vidt kom meg unna med..

Samstundes treng eg vreiden. Då får eg resultat. Om eg ikkje greier å verta sint, viser det at eg djupast nede ikkje bryr meg om det eg held på med. Resultata vert deretter. Det viste seg då eg skreiv masteroppgåva. Sjeldan har eg vore so sint som dei gongane eg sat og kjempa med ein tyrkisk tekst eller ei uforståeleg utgreiing om det juridiske grunnlaget for sensur. Men master fekk eg. Og det var kjekt å skriva.

Eg innser at eg treng eit arbeid som aukar blodtrykket. Ein stad der eg kan bryna meg på folk med andre meiningar. Eit miljø der ein kjem nær nevekamp om dei mest trivielle ulikskapar. Ein stad eg kan skriva.

Det er klårt: eg må – eg lyt – verta målmann.